Søkje eller endre plass i barnehage/SFO

Ny søknad om plass i barnehage eller SFO
For å leggje inn ny søknad om plass vel du Søk barnehageplass her eller Søk SFO-plass her i menyen over.

Er du folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune er det viktig at du loggar deg inn via ID- porten før du søkjer om barnehage-/SFO-plass. Dette for å kontrollere at opplysningane som er registrerte på deg og din familie er korrekte, samt for å kunne leggje til korrekt kontaktinformasjon (telefonnummer og e-postadresse).

Dersom du per i dag ikkje er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, må du søkje utan å vere innlogga. Dersom du søkjer utan å være innlogga, må du logge inn etter at søknaden er sendt for å lagre dine kontaktopplysningar.

Barnehage: Ver merksam på at det ikkje er mogeleg å endra søknad i perioden for hovudopptak, 1. mars til 1. mai. Nye søknadar og søknadar for barn som ikkje fyller vilkåra for rett til barnehageplass vert handsama etter avslutta hovudopptak.